logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Støtteordninger        
 

 
Kva skjer?

06.09 - 06.12
Øving i folkedanslaget hver mandag kl.20 Grytting (Hadsel)

06.09 - 29.11
Øving seniordans hver mandag kl.20 på Musikkhuset Svolvær

09.09 - 02.12
Øving i folkedanslaget hver torsdag kl.20 i gamle lærerskolens gymsal Bodø

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Støtteordninger

Frifond

Kva kan de få frifondmidlar til?

o Lokallaga kan søkje om støtte til den vanleg verksemda for barn og unge i laget.
o Det treng ikkje vere særskilte prosjekt eller tiltak.
o Lokallaga som har eller ynskjer å starte tilbod for barn og ungdom, kan søkje støtte for å sende medlemmer på kurs i NU sin regi eller til andre opplæringstiltak.
o Laga blir oppmoda til å sette i gang tiltak for aktivt å invitere minoritetar til å vere med i laget
o Vi oppmodar lag om å søke tilskott til å gjennomføre mangfaldstiltak og/eller til å sende deltakarane/medlemmane sine på sommarkurs/storkurs

Krav til frifondsøkjarar

o De må vere ein demokratisk organisasjon
o De må ha kulturaktivitet som ein del av verksemda
o De må arbeide for og med barn og unge under 26 år
o De må arbeide i lokalmiljøet
o Minimum 1/3 av deltakarane på tiltaket må vere under 26 år
o Lag som ikkje har dokumentert at dei har medlemmer under 26 år og som ikkje har sendt inn medlemsliste og årsrapport, får ikkje tilskott.
o Lag som fekk tilskott i fjor, må han sendt inn rapport som syner kva dei nytta midlane til om dei skal få støtte

Folkekulturforbundet
Folkekulturforbundet gjev støtte til kursverksemd og vanleg opplæringsverksemd i lokallaga. For å få stønad må laget vere medlem i Noregs Ungdomslag, sjå Folkekulturforbundet sine heimesider.

Opplæringsfondet i Noregs Ungdomslag
Har du lyst å bli ein betre folkedansar eller ein betre skodespelar eller kanskje du er i gang med bunadopplæringa? Då er det lurt å gå på kurs. Det kan du få støtte til.

Gjennom opplæringsfondet kan du søke støtte mellom anna til å gå på sommarkurs og aspirantkurs
i organisasjonen.

Føremålet med fondet er å yte tilskot/stipend til kurs og andre opplæringstiltak som kan styrke medlemmar og tilsette i Noregs Ungdomslag i dei aktivitetane og det arbeidet desse utfører for organisasjonen.

Søknadsfristen er utsett til 15. august.

Har du spørsmål? Ring NU-kontoret!

Eufemiafondet
Fondet vart oppretta av dramatikaren Peder W. Cappelen og skal stimulere til dramatisering av lokale soge, historiske hendingar, segn, folkelege historier og eventyr. Det er søknadsfrist kvart andre år.

Rasmus og Agnes Pettersons fond
Dette er eit fond som Noregs Ungdomslag, Norges Bygdeungdomslag og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen er saman om å forvalte. Føremålet er å gje økonomisk stønad til musikalsk opplæring av bygdeungdom. Opplæringa kan t.d. vera songundervising, instrumental- og/eller teoriundervising. Stønad frå fondet kan delast ut som individuelle stipend til talentfull bygdeungdom, eller gå til kursverksemd, og stipendbeløpa kan variera mellom 2000-5000 kroner.

Søknadsskjema kan du få ved å venda deg til:
Griegakademiet - Institutt for musikk
Lars Hilles g. 3
5015 Bergen
tlf. 55 58 69 50 - faks 55 58 69 60

Ole Vig-prisen
Ole Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Det gjeld ungdommar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor eitt eller fleire av desse områda:
- Folkeopplysningarbeid
- Kunst
- Kulturarbeid medrekna idrett

Alle organisasjoner som har medlemmer i aldersgruppa 20-35 år, kan sende inn forslag på kandidatar. Søknadsfristen er 15. mai.
www.olevig-prisen.org

Rådet for folkemusikk og folkedans
Rådet for folkemusikk og folkedans har to støtteordningar:

1a Tiltaksmidlar (til feltarbeid, opplæring, lydfesting, publisering m.m)
1b Arbeidsstipend (til undervisningsprosjekt, feltarbeid, læring på gamlemåten og andre prosjekt)
2 Formidlingsstøtte (til turnear, konsertar, forestillingar, programutvikling, innstudering, m.m)

Søknadar må sendast på eigne skjema.
Søknadane blir handsama tre gonger i året, og søknadsfristane for begge ordningane er 15. januar, 15. mai og 15. september.

Meir informasjon på: www.rff-sentret.no
Rff-sentret, Dragvoll, 7491 Trondheim, tlf: 73 59 65 77

Norsk teaterråd
Norsk teaterråd er paraplyorganisasjon for organisasjonar som har frivillig scenekunst som arbeidsfelt. På heimesidene finn de omtale av støtteordningar som t.d. Scenetekstfondet og Norsk teaterråd si reisestøtteordning.
www.teater.no

Musikkverkstadordninga
Formålet med ordninga er å støtte verksemd som styrker og utviklar aktivitet, utøving og kvalitet innanfor rock, jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Eige søknadsskjema ligg på internett. Det er søknadsfrist ein gong i året.
www.mvo.no

Norsk kulturfond
Norsk kulturfond har til oppgåve å stimulere skapande andsliv, verne kulturarven og formidle kunst- og kulturverdiar til så mange som mogleg. Norsk kulturråd forvaltar fondet. Hovudsøknadsfrist plar vere 1. desember.
www.kulturrad.no

Fond for lyd og bilde
Fondet er oppretta for å gi godgjørelse til rettighetshavere for den lovlige kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete. Søknadsfrist 1. februar og 1. september.
www.kulturrad.no

LNU
Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar forvaltar ei rekkje støtterodningar. På heimesidene til LNU finn du meir informasjon om desse, mellom anna om:
- Idébanken - støtte til fleirkulturelle tiltak blant barn og ungdom.
- Kulturmidlane - prosjektstøtteordning til kulturarbeid i barne- og ungdomsorganisasjonar.
- Internasjonale støtteordningar
www.lnu.no